Tilbake

Rutinar og verktøy

Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.

Grunnskole og SFO

heimesida til Ålesund kommune finn du ei oversikt over skole og SFO. Der ligg også lenker til aktuelle dokument.

Barnehage

heimesida til Ålesund kommune ligg informasjon om barnehageområdet, med lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for barnehagane. Der er det også ei oversikt over alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private.

Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til dei kommunale barnehagane i Ålesund kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutinar og prosedyrer som omhandlar barnehagen. Dei private barnehagene har eigne kvalitetssystem.

Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:

Helse og omsorg

Helse og omsorg

Informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider

Helsestasjonstenester

Helsestasjonen gir tilbod om helsetenester til gravide, spedbarn, barn, elevar i barneskole, elevar i ungdomsskole, elevar i videregåande skoler, elevar på NTNU, ungdom (HFU), flyktningar (migrasjonshelse), de som treng tuberkulosekartlegging og de som treng vaksinar.

Helsestasjontenestene jobbar helsefremmande og førebyggande. Informasjon om helsestasjon 0-5 år, skolehelsetenesta, jormortenesta, helsestasjon for ungdom, vaksiner, smittevern og migrasjonshelse i Ålesund finn du ved å følge denne lenka.

Om helsestasjon fra ungdom.

Informasjon til deg som er ungdom.

Utsett for vald eller overgrep?

Barn som pårørende

Det er utarbeid fleire nasjonale retningslinjer som legg føringar for organisering og innhold i tenesta, og som kan bidra til å sikre at utsette barn blir fanga opp. Dei viktigaste retningslinjene finn du i lista under.

Fastlege

Fastlegen har ansvar for koordinering av dei medisinskfaglege tenestene for barn og unge på si liste og skal vere merksam på symptom og teikn på omsorgssvikt i dagleg virke. Fastlegen har generell plikt om melding til barnevern ved grunn til å tro at barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt.

Psykisk helse og rus

Informasjon om tenesta finn du på kommunen si heimesider.

Tilbod til barn og unge

Rask psykisk helsehjelp

Pårørandetilbod 

Rådgivande eining for russaker

Barn og unges helseteneste

Hjelpetenester for barn og ungdom

Bekymrar du deg for eit barn eller ungdom?

NB! Aukra:

Ergoterapi

Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut til ein tilrettelagt kvardag med mest mogleg aktivitet og livsutfolding.

Ergoterapi for barn og unge

Fysioterapi

Barn og unge som av ulike grunnar treng fysikalsk behandling, kan få hjelp av fysioterapeut.

Avlastning barn og unge

Eit tilbod til barn/ungdom med funksjonsnedsetting og deira familie.

Avlastning barn og unge

Koordinering og tildeling

Koordinering og tildeling handterer søknader om helsetenester for heile Ålesund kommune.

Koordinering og tildeling

Flyktning og inkludering

Verksemd Integrering har ansvar for å busette og følge opp familiar, einslege mindreårige og vaksne som har fått avtale om busetting i Ålesund. Alle flyktningar som blir busette etter avtale med IMDi, har opphaldsløyve i Norge. Det er kommunestyret som fattar vedtak om kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år.

Flyktning og inkludering

Aukra sitt:

Eining for innvandring og integrering bidreg med:

  • hjelp til etablering i bustad
  • praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
  • tilbod om introduksjonsprogram
  • integreringsaktivitetar

Vaksenopplæringa gir tilbod om grunnskoleopplæring etter opplæringslova og norskopplæring for innvandrarar. Les meir om dette på kommunen sine heimesider

PPT

PPT skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilde behov. PPT har både system- og individretta oppgåver, og det er viktig å sjå desse oppgåvene i samanheng.

Informasjon om pedagogisk psykologisk teneste for Ålesund får du ved å følge denne lenka. Om du treng meir kunnskap om PPT kan du lese meir på utdanningsdirektoratet si heimeside.

Barnevern

Barnevernet jobbar etter lov om barnevern, og loven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid.

Barneverntenesta har ansvar for å gi hjelp, omsorg og beskyttelse når det er nødvendig på grunn av barnet sin omsorgssituasjon eller åtferd.

Barneverntenesta skal kartlegge utfordringar og behov barn og familiar har, og saman med dei finne fram til løysningar og bidra til å skape endring. Viss du ønskjer meir kunnskap om barnevernet kan du lese på Bufdir sine heimesider. Informasjon om barneverntenesta i Ålesund kommune finn du her

Forløp og prosedyrer:

Nasjonalt forløp for barnevern
Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)
Saksbehandlingsrundskrivet (bufdir.no)
Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier – Helsedirektoratet