Om samhandlingsmodellen
Samhandlingsmodellen synleggjer mellom anna korleis planar, rutinar, møtearenaer og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn får rett hjelp til rett tid.
Vidare hjelper modellen Ålesund kommune i arbeidet med å:
- Utvikle verktøya vi har for å bli merksame på og følgje opp barn og familiar som har behov for hjelp
- Styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
- Auke kunnskapen til våre tilsette i arbeidet med utsette barn og unge
- Styrke brukarmedverknaden til barn og føresette
Samhandlingsmodellen er delt i tre nivå: kommunenivå, tenestenivå og individnivå.