Evaluering er eit viktig element i korleis ein samhandlar og korleis ein opplever samhandling mellom fagpersonar og tenester. Kommunen skal med jamne mellomrom vurdere sitt arbeid, og Ålesund kommune nytta Compilo som kvalitetssystem der alle gjeldande rutinar er tilgjengelege og ev. avvik skal meldast.
På individnivå vil kommunikasjonen mellom partane og tilbakemeldingar frå brukar gi grunnlag for vurdering av både arbeidet som er utført med kvar enkelt brukar, men også for diskusjon og vurdering kring endring av praksis i tenesta som heilhet. Evaluering er viktig for å vurdere om iverksette tiltak har ønska virkning og om det er behov for å gjere justeringar.
Evaluering på individnivå
På individnivå har Ålesund kommune fleire fora for evaluering av samhandling og av arbeidet i tenestene
- Barnesamtale i barnehagane
- Utviklingssamtale lærar, elev, føresett
- Ansvarsgruppemøte
- Elevundersøkinga i skulen er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Undersøkinga er for 5. til 10. trinn.
- Foreldreundersøkelsen i barnehage
Evaluering som del av handlingsrettleiaren
Ei avgjerande oppgåve på kvart nivå i handlingsrettleiaren er å evaluere tiltak og hjelp som er blitt gitt. Etter at tiltak er prøvd ut skal eit eige evalueringsmøte gjennomførast der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltak har ført til at barnet/eleven sin situasjon har endra seg. Denne evalueringa skal også innehalde barnet/eleven si oppleving av endring. På bakgrunn av evalueringa blir det tatt ei avgjerd om vidare oppfølging:
- Tiltaket har ikkje gitt ønska effekt? Er det behov for hjelp frå andre tenester?
- Skal tiltaket bli avslutta?
- Tiltaket har effekt, men er framleis ikkje i mål og arbeidet fortsetter?
- Er det andre tiltak som kan iversettast?