Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld brukaren sine utfordringar. Tilbodet til barnet og familien blir tilpassa deira behov. Barnet og familien deltar aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.
BTI-rettleiaren er basert på at foreldre i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandle med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at bekymring for barnet/ungdommen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
I tillegg står det sentralt å involvere barnet sjølv. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast, jf. barnekonvensjonens artikkel 12.
Når nokon treng hjelp til å meistre kvardagen, er det nokre få, men viktige element å hugse på for at ein saman skal kunne komme fram til den beste hjelp og støtte for barnet og foreldra.
– å bli tatt på alvor
– å bli behandla med respekt
– å føle tillit og tryggleik
– å få hjelp når behovet er der
I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at menneske som søker hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdigheit.
Rutine for brukarmedverking og innhenting av samtykke systematiserer korleis alle tilsette sikrar dette i møte med barn, unge og deira foreldre.
Tilsette i Ålesund kommune nyttar BTI-handlingsrettleiar med verktøy som tilsette i kommunen skal nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet med handlingsrettleiaren er å kunne gi rett hjelp til rett tid og sikre foreldreinvolvering og barnet si stemme.
Slik arbeider vi i Ålesund
Du kan lese meir om medverknad i Ålesund her.
Brukerrettighetsloven. Lov om pasient– og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) inneheld rettsreglar om dei rettigheiter pasientar og brukarar har overfor helse- og omsorgstjenesta. Kapittel 6 i denne lova omhandlar Barns særlige rettigheter.
Innhenting av samtykke systematiserer korleis alle ansatte sikrar medverknad i møte med barn, unge og deira føresatte.
Den digitale handlingsrettleiaren med verktøy skal tilsette i kommunen nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet er å kunne gje rett hjelp til rett tid, sikre tidleg foreldreinvolvering og at barnet si stemme alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv. Ålesund – BTI – Betre samarbeid for barn og unge i Ålesund kommune
Møtereferat skal utarbeidast i alle møter.
Andre arenaer for medverking
Gode samarbeidsrutinar i alle tenester skal sike medverknad både frå barn/unge og deira føresette.
Eksempel på samarbeidsarenaer der medverknad skjer, kan vere:
- Utviklingssamtale
- Elevsamtale
- Helsesamtale
- Foreldresamtale i barnehagen
- Klassens time
- Individuell plan
- Ansvarsgruppemøte
- Samarbeidsmøte
Tilbakemeldingsknapp i handlingsrettleiaren
Finn du feil eller manglar i rettleiaren, eller har du bare generelle tilbakemeldingar til oss, då kan du følgje denne lenka