Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.
Grunnskole og SFO
På heimesida til Ålesund kommune finn du ei oversikt over skole og SFO. Der ligg også lenker til aktuelle dokument.
Barnehage
På heimesida til Ålesund kommune ligg informasjon om barnehageområdet, med lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for barnehagane. Der er det også ei oversikt over alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til dei kommunale barnehagane i Ålesund kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutinar og prosedyrer som omhandlar barnehagen. Dei private barnehagene har eigne kvalitetssystem.
Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:
Helse og omsorg
Helse og omsorg
Informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider
Helsestasjonstenester
Helsestasjonen gir tilbod om helsetenester til gravide, spedbarn, barn, elevar i barneskole, elevar i ungdomsskole, elevar i videregåande skoler, elevar på NTNU, ungdom (HFU), flyktningar (migrasjonshelse), de som treng tuberkulosekartlegging og de som treng vaksinar.
Helsestasjontenestene jobbar helsefremmande og førebyggande. Informasjon om helsestasjon 0-5 år, skolehelsetenesta, jormortenesta, helsestasjon for ungdom, vaksiner, smittevern og migrasjonshelse i Ålesund finn du ved å følge denne lenka.
Informasjon til deg som er ungdom.
Utsett for vald eller overgrep?
Det er utarbeid fleire nasjonale retningslinjer som legg føringar for organisering og innhold i tenesta, og som kan bidra til å sikre at utsette barn blir fanga opp. Dei viktigaste retningslinjene finn du i lista under.
-
- Retningslinje for helsestasjon og skulehelsetenesten
- Retningslinje for barselomsorgen
- Retningslinje for for tidleg fødde barn
- Retningslinje for svangerskapsomsorgen
- Retningslinje for forebygging, utredning og oppfølging av overvekt og fedme hos barn
- Pakkeforløp: Gravide og rusmidler
- Pakkeforløp- Psykiske lidelser barn og unge
Fastlege
Fastlegen har ansvar for koordinering av dei medisinskfaglege tenestene for barn og unge på si liste og skal vere merksam på symptom og teikn på omsorgssvikt i dagleg virke. Fastlegen har generell plikt om melding til barnevern ved grunn til å tro at barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt.
- Råd til legar ved henvisning til BUP
- Bekymringsmelding til barnevernet
- Barn og unges helseteneste – Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)
Psykisk helse og rus
Informasjon om tenesta finn du på kommunen si heimesider.
Rådgivande eining for russaker
Hjelpetenester for barn og ungdom
Bekymrar du deg for eit barn eller ungdom?
NB! Aukra:
- Flytskjema ved sjølvmordsfare
- Flytskjema ved mistanke om vald og overgrep mot barn
- Flytskjema ved mistanke om vald mot vaksne
Ergoterapi
Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut til ein tilrettelagt kvardag med mest mogleg aktivitet og livsutfolding.
Fysioterapi
Barn og unge som av ulike grunnar treng fysikalsk behandling, kan få hjelp av fysioterapeut.
Avlastning barn og unge
Eit tilbod til barn/ungdom med funksjonsnedsetting og deira familie.
Koordinering og tildeling
Flyktning og inkludering
Verksemd Integrering har ansvar for å busette og følge opp familiar, einslege mindreårige og vaksne som har fått avtale om busetting i Ålesund. Alle flyktningar som blir busette etter avtale med IMDi, har opphaldsløyve i Norge. Det er kommunestyret som fattar vedtak om kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år.
Aukra sitt:
Eining for innvandring og integrering bidreg med:
- hjelp til etablering i bustad
- praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
- tilbod om introduksjonsprogram
- integreringsaktivitetar
Vaksenopplæringa gir tilbod om grunnskoleopplæring etter opplæringslova og norskopplæring for innvandrarar. Les meir om dette på kommunen sine heimesider
PPT
PPT skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilde behov. PPT har både system- og individretta oppgåver, og det er viktig å sjå desse oppgåvene i samanheng.
Informasjon om pedagogisk psykologisk teneste for Ålesund får du ved å følge denne lenka. Om du treng meir kunnskap om PPT kan du lese meir på utdanningsdirektoratet si heimeside.
Barnevern
Barnevernet jobbar etter lov om barnevern, og loven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid.
Barneverntenesta har ansvar for å gi hjelp, omsorg og beskyttelse når det er nødvendig på grunn av barnet sin omsorgssituasjon eller åtferd.
Barneverntenesta skal kartlegge utfordringar og behov barn og familiar har, og saman med dei finne fram til løysningar og bidra til å skape endring. Viss du ønskjer meir kunnskap om barnevernet kan du lese på Bufdir sine heimesider. Informasjon om barneverntenesta i Ålesund kommune finn du her
Forløp og prosedyrer:
Nasjonalt forløp for barnevern
Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)
Saksbehandlingsrundskrivet (bufdir.no)
Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier – Helsedirektoratet
Familiestøttande tenester
Her finn du informasjon om tenesta: Familiestøtte – Ålesund kommune (alesund.kommune.no)
Krisesenter for Sunnmøre
Lenke til Krisesenter for Sunnmøre: https://alesund.kommune.no/barn-ungdom-og-familie/vald-i-nare-relasjonar/ og https://www.krisesenter-sunnmore.no/