Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Ålesund kommune har utarbeidd BTI-rettleiar. Denne skal vise vegen frå uro/bekymring til handling, og skal gi tilsette betre oversikt og tilgang til relevante og gode verktøy og rutinar.
Meir informasjon om BTI
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunnlag for bekymringa
Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis tilsette skal gå fram i konkrete tilfelle der ein er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane ein skal bruke i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane ein kan og bør nytte i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der ein oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Ein snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis ein samtalar med barn og unge til mal for korleis ein kallar inn og gjennomfører møte.
Kompetansen
Ein føresetnad for å kunne bruke BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Her snakkar ein om to typar kompetanse:
– Kompetanse til å forstå og bruke samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.
– Kompetanse til å utføre oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at ein må ha evne til å oppdage barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og ein må vere i stand til å nytte hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.